Kjære gjestebod!
Det nærmar seg to veker til dykk skal innta hjartet av Telemark. Derfor litt meir detaljert info enn dykk har fått før.
Fredag
Me håpar me får sjå mange av dykk alt på fredagskvelden på Dalen. Da inviterer me til ein høgst uformell samankomst i barndomsheimen til Ingebjørg Aasta. Me håpar at vêret held seg slik me har hatt det i sommar, og satsar på enkel grilling i hagen i Myllevegen 7 frå klokka 19.
Før det hadde me sett stor pris på om dei som har kome til Dalen ville vore med å hjelpe til med å setje ut bord og stolar på museet der selskapet skal stå. Me tek over lokalet klokka 18 og til fleire me er jo fortare går det jo :)
Laurdag
Sjølve bryllaupsdagen veit dykk jo ein heil del om frå før. Vigselen er klokka 13 i Lårdal kyrkje. Ein køyrer da opp alle svingane frå Dalen, forbi stavkyrkja og museet i Eidsborg og fylgjer skiltet til Lårdal inn til høgre og inn på ein grusveg. Det tek ein liten halvtime å køyre frå Dalen og du skal heilt ned til vatnet der kyrkja ligg like før du er nede i vasskanten. Google maps hjelper deg også godt på veg. Parker på fotballbanen ovanfor kyrkja.
Middagen og selskap startar 17.30 på Vest-Telemark museum, men det er berre å køyre direkte dit etter vigselen. På tunet ventar proviant og drikke, og det er gode høve for sosialisering og diverse leikar og spel.
Det er også verdt å nemne at det blir servert vin og øl til maten. Det er topp om ein kan samkøyre så bilar blir fylt opp så godt som mogleg. Det er 8-10 minuttars køyring frå museet til Dalen der dei fleste skal bu.
Søndag
Me håpar de vaknar blide og fornøgde, kikkar ut glaset og tenkjer i dag hadde det vore fint å få sjå litt av det Dalen har å by på. Derfor håpar me at mange har lyst til å bli med oss på tur til husmannsplassen og utkikkspunktet Rui! Det er bratt, men ingen lang tur, to kilometer tur/retur. På toppen ventar strålande utsikt. Som ein bør kunne ta seg tid til å nyte sjølv om ein har ein lang tur heim. Me lovar at det er vert det. Det er trass alt der brudeparet skal flotte seg framfor kameraet dagen før.
Oppmøte blir utanfor Dalen hotell 11.30.
Det er også gode moglegheiter for eit bad og/eller litt sandvolleyball når ein kjem frå tur. Når ein har gått tur må ein sjølvsagt også få påfyll av fysisk føde i etterkant. De er velkomne på restefest i Myllevegen 7 etter turen. Det er sjølvsagt også dykk som ikkje får tid til å gå tur.
Me gler oss stort til helga!
Hugs å tagg bilda du tek med bryllauphelgas emneknagg #ingemund2018

Kommentarer
Legg inn en kommentar