Ynskjeliste


Her kjem ynskjelista vår. Me har lagt inn liste hos Chistiania Glassmagasin, Kitchn og Backe i
Grensen. Aller helst ynskjer me at gåvene ikkje blir pakka inn. Det er ein fin måte å spare miljøet på, og me får jo uansett ikkje sett gåvene med papir på. 💕

Dette er linkene til listene:

Christiania Glassmagasin: https://www.cg.no/weddinglist/index/shared/weddinglist_id/8486/ 

Kitchnhttps://www.kitchn.no/bryllup/vis-liste/?WishListId=88770

Backe i Grensen: http://tinyurl.com/ybtyo83r

Me har også lagt inn ei skrifteleg liste hos Gullsmed Vinjerui på Dalen. Her er det mellom anna lagt inn ynskjer om pledd, vaser, boller og små brødfjøler. Denne butikken er verdt eit besøk 😊


I tillegg til ting på desse listene ynskjer me oss:

Dersom dykk ynskjer å gi noko av det som er ramsa opp nedanfor, så er det fint om dykk høyrer med Sibylla Erikstein om dette allereie er kjøpt. Nummeret hennar er: 94874247.

- Pengar eller påmelding til KRIK Høyfjellssenter sin "Unge par weekend"
(http://www.khh.no/?page_id=6&event_id=19)

- Turopplevingar og turutstyr:
  • Koke- og steikeutstyr
  • 1 liggeunderlag 
  • 1 hengekøye 
  • Turopplevingar som til dømes kajakkurs hos DNT.
- Pengar til eit kompaktkamera

- Ei lita steiketakke: https://www.power.no/kjoekkenutstyr/kjoekkenapparater/steketakke/meteor-steketakke-46cm-mkant/p-129539/ (Velkomen til lappe-fest på Tonsenhagen)

- Gåvekort på Oslo Sportslager⛷🏓


😎

Dette er jo berre materielle ting og det viktigaste for oss er sjølve dagen med så mange bra folk. 💛




 

Kommentarer