Overnatting!


Mange treng kanskje overnatting når dei skal ta turen til hjartet av Telemark for bryllaupet vårt.
Det er ikkje flust av moglegheiter i området, så her er det lurt å vere ute i god tid.

Buøy camping på Dalen er den nærmaste og mest rimelege overnattingsstaden. Her er det mogleg å låne hytter med plass til tre til seks personar. I tilknytning til campingplassen har me leigd ei stor brakke der mange av venene kjem til å bu.

http://www.buoycamping.com/norsk/


Dalen Bed & Breakfast tilbyr fine rom like nærme i Dalen sentrum. Dei har 13 rom, enkeltrom, dobbeltrom og firemannsrom. Kosleg overnattingsstad som me absolutt kan anbefale.
http://www.dalenbb.com/


¨
Ærverdige Dalen hotell er sjølvsagt også verdt eit besøk om ein vil leggje litt pengar i det. Her er det vanskeleg å få plass, så det er fort mogleg at du er for seint ute alt.

Bilderesultat for dalen hotel



Groven camping i Åmot er eit anna alternativ. Dei har 20 små og store hytter, og ligg rett ved E134. Det er cirka ein halvtime å køyre til både Eidsborg og Lårdal kyrkje frå Åmot.

https://grovencamping.no/



Morgedal hotell er å anbefale om du ynskjer å sova på hotell. Du har jo sjølvsagt høyrt at den vesle bygda som ligg langs E134 er skisportens vogge. Så her kan du kombinere bryllaupet med å ta eit djupdykk i norsk skihistorie på skieventyr-museet i bygda. Frå Morgedal har du også ein halvtime køyreveg til Eidsborg og Lårdal kyrkje. Hotellet har nyopna i 2018.





http://www.morgedal.no/nb/


Om ein vil bu høgt til fjells er det mogleg å ta turen til Rauland. Då må ein rekne med 45-50 minuttars reiseveg til både kyrkje og selskap, men til gjengjeld bur ein på 1000 meters høgde, og det kan jo vere fint. Rauland høgfjellshotell er eit alternativ blant fleire.

http://www.rauland.org/Aktoer/Rauland-Hoegfjellshotell


Kommentarer