Me er stolte av å kunne annonsere våre flotte toastmastarar! Dei er nøye plukka ut, kom seg vidare frå audition i Oslo og altså heilt til den store finalen på Dalen/Eidsborg.
Møt Gry-Elise Elinggard, humorist frå Børsa. Brudens gode venninne stiller alltid opp med ein vits om du er i beit for samtaletema.
Men denne energibomba av ei dame skal ikkje lose deg gjennom middagen på Vest-Telemark museum aleine. Ho har selskap av ingen ringare enn Øyvind Grimsrud. Ein sarping som veit korleis å halde ein fest i tøylene. Kamerat av brudgomen som ikkje er framand for å ta ein spøk på seg sjølv eller andres bekostning.
Desse toastmastarane vil meir enn gjerne ha hjelp til dykk med underhaldninga. Ta kontakt med Gry-Elise anten på facebook eller mai (gryelise90@gmail.com) om du vil tale, synge, danse, leike eller noko heilt anna til middag eller kaffi.
Dette kan jo ikkje bli anna enn moro!
Ingebjørg Aasta og Gjermund


Kommentarer
Legg inn en kommentar