Det er mange måtar å kome seg til Dalen på. Du kan ta Victoria eller Henrik Ibsen opp Telemarkskanalen. Da må du rekne ganske god tid, men det er ei flott oppleving. Den raskaste måten er uansett bil eller evt. Haukeliekspressen. Søk opp Dalen på Google maps og så får du god hjelp med å kome deg fram.
Sidan dei fleste må reise litt for å kome seg til bryllaupet, så har me lyst til å ha litt ekstra opplegg.
Fredagen vil me gjerne treffe dykk til ei uhøgtidleg samankomst i barndomsheimen til Ingebjørg Aasta. Her blir det noko å ete og moglegeheit for å få oversikt over kven som skal i bryllaupet.
Me håper dette er noko så mange som mogleg har lyst til å få med seg. Tidspunkt og meir info om dette kjem seinare.
Sundagen blir det mogleg å stikke innom Myllevegen 7 for litt restefest. Bli litt eller bli lenge. 😍 Gjermund har også sagt at han gjerne vil ta med folk til Rui på sundagen, dersom vêret tilet dette. Ein kort og flott tur som gir deg ei fantastisk utsikt.
Dalen og området rundt byr på særs gode moglegheiter for turar i fjellet, og eit tips er turen "Lårdalstigen". Denne turen gjeng frå Eidsborg, der festen skal vere, og ned til Lårdal, der vigselen finn stad. Turen gjeng langs fjellsida og ein har heile tida utsikt ned mot Telemarkskanalen. Til dømes kan dette vere ein fin tur på fredagen, om ein har lyst til å ha ein dag ekstra i området.
Eller så finst det også kortare turar, som kan vere fine på anten fredagen eller sundagen.

Rui er ei perle ein bør besøke! 👆

Kommentarer
Legg inn en kommentar