Både vigsel og fest finn stad ein liten køyretur frå Dalen sentrum.
Vigselen gjeng føre seg i Lårdal kyrkje, som er ei lita trekyrkje heilt nede ved sjølve Telemarkskanalen. Ein må nok rekne mellom 20 og 30 min på å køyre frå Dalen til Lårdal. Søk opp Lårdal kyrkje på Google maps for ei ok vegskildring.
I Lårdal bur det mellom 200 og 250 menneske, det vil sei at folketalet auker betrakteleg den halvanna timen vi er i bygda. Det er jo stort for ei så lita bygd.
Festen finn stad på Vest-Telemark museum i Eidsborg. Eidsborg er ei lita bygd om lag 10 min køyretur frå Dalen. Heldigvis ligg Eidsborg mellom Lårdal og Dalen, så dykk slepp køyre heile kommunen rundt. Søk opp strekninga Lårdal-Eidsborg, så vil du få opp ei god skildring over dette strekket òg. Dersom du skulle køyre deg heilt vill, så er heldigvis forholda små og det er alltids nokon som veit kor museet eller Lårdal er (så lenge du ikkje er innmari uheldig og støter på ein av dei mange turistane som befinn seg i området i denne perioden).
Eidsborg er kjent for ei fin lita stavkyrkje og brynestein. Lurar du på korleis brynestein ser ut, så vil du få mange gode sjanser til å sjå på dette på museet. På museet finst det mange fine gamle bygg og det vil bli gode sjanser for å ta bilete i nasjonalromantiske omgivnader, medan me er å tek bilete ein anan stad. Her vil det òg bli ei form for lett servering, så blodsukker ikkje synk heilt til botn. Det er viktig med fornøgde gjestar!

Kommentarer
Legg inn en kommentar